LERKA
Og vesle lerka, ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på vår med ein einaste gong.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"
Og vesle lerka, ho hev det slik
at finn ho ein solstråle, vert ho rik.
Då stig ho i høgdi og trallar i li
til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"
Og lyngtuva, det er lerka sitt fat.
Der set ho seg ned, og so fær ho seg mat.
Og når ho er mett, ho takkar so glad
vår herre for maten, med kvitter og kvad
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"
Gud signe deg! Du er fuglen min, du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev meg i soltru å kveda med deg:
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili-tirili-ti!"

I dag skriv vi 10. April, og vi har vore ute i hagen å rydda.
Det var 15 grader og sola varma herlig.
Desverre så vart det trist å sjå at vi har mista ca. 20 roser i vinter,
mange av vårplantane er også frosne ihel denne lange og kalde vinteren.
Vi har ikkje full oversikt ennå på kor mange plantar som er vekke,
men får vi litt tid no, med rydding og raking, så ser vi kva som har overlevd.
Åh, gleda meg til vår! Heldigvis har mesteparten av snøen regna vekk siste dagane :D
SvarSlettJa sant, lengtar no etter varme dagar, og å være ute å nyte:)
SvarSlettJa, der kom no snøen igjen, men satsar på han forsvinn snart!!
SvarSlettHagen dåka er spesielt fin om våren og sommaren!
Dåke har så utrulig mykje flotte planter! Gleda meg til neste gang eg kjem på besøk!! Stor klem!!
JA HAR DU SETT!!!...Det vart ikkje vår i dag heller, men vi får være positive, og berre vente.....Gledar oss vi også til å få begynne å rydde ute i hagen, og å sitte ute i varm sol og nyte kaffien eller kva ein enn måtte ønskje å kose seg med;)) Gladar oss til du kjem vår kjære..:) Stooooor klem tilbake skatt!! :)
SvarSlett